PÅ TEIKNEBRETTET: Eit fjordsenter er under planlegging i Fjærland. Skissen utarbeidd av Reiulf Ramstad Arkitekter er eit døme på korleis eit slikt senter kan sjå ut.

Løyver 2 millionar til fjordsenter i Fjærland

Fylkestinget støttar realisering av fjordsenteret Marheim med 2 millionar kroner.

Publisert 08.10.2019 kl. 19.47.

- Fjærlendingane har på gang ei ny spennande satsing med Marheim og det er positivt at fylkeskommunen no går inn med 2 millionar for å støtta denne realiseringa, seier gruppeleiar for Senterpartiet Sigurd Reksnes i ei pressemelding.


Les også: Planlegg internasjonal attraksjon i Fjærland


Suksess i over 100 år

- Me fekk ein flott presentasjon av initiativtakarane på gruppemøtet vårt og det er viktig for satsinga at me no er inne med eit bidrag i prosjekterings- og oppstartfasa. Eg har god tru på dette prosjektet, ikkje minst er det viktig når no Hurtigruten planlegg fast rute til Fjærland. Sogndal kommune har tidlegare gått inn med 1 million i prosjektet.


- Å satsa på reiseliv på Vestlandet har vist seg å vera ein suksess i over 100 år og eg er sikker på at me vil sjå ein aukande vekst i turismen også i åra framover, seier Reksnes.


Framtidsretta

Fylkestinget ber i sitt vedtak også om at Vestland fylke i framtida vil bidra med investeringsmidlar når prosjektet er klart for realisering.


- Dette er ei framtidsretta satsing og eg både håpar og trur at denne vert realisert i nær framtid, meiner Reksnes.