Vegen over Sognefjellet er stengd for vinteren

STENGD: Vegen over Sognefjellet er no stengd for vinteren. (Arkivfoto)

STENGD: Vegen over Sognefjellet er no stengd for vinteren. (Arkivfoto)

Av

Fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengd for vinteren.

DEL

Det opplyser Statens vegvesen på sine heimesider.Vegen har vore stengd i fleire dagar på grunn av uvêr. Klokka 14.02 måndag vart det bestemt at vegen skulle stengjast for vinteren.

Kaldt

På dei andre vinteropne fjellovergangane, er det kaldt, men greie køyretilhøve.E16 over Filefjell har minus ni grader, flau vind og opphaldsvêr. Riksveg 13 over Vikafjellet har åtte kuldegrader og svak vind, medan riksveg 52 over Hemsedalsfjellet har 14 minusgrader i morgontimane tysdag.Fylkesveg 50, Aurland-Hol har 17 kalde grader og opphaldsvêr.Kaldast var det på fylkesveg 53 Årdal-Tyin. Der var det minus 22 grader, flau vind og opphaldsvêr klokka 05.35 tysdag morgon.

Artikkeltags