Varslar om Røde Kors-aktivitet i terrenget

Av
DEL

Komande helg blir det Røde Kors-kurs i Hafslo-området.- Det blir gjennomført kurs for nye lagleiarar på Hafslo, som skal kunne bistå ved aksjonar ute i felt. Det vert difor Røde Kors-uniformerte deltakarar å sjå i dette området, seier Unni Kiviranta, fagleiar ettersøk Sogn og Fjordane Røde Kors.Det vil etter alt å døme vera kursaktivitet og ikkje noko aksjon, dersom ein observerer mange oransje vestar i terrenget i helga.Det er 17 påmelde deltakarar, og over halvparten er frå Sogn. Kurs for lagleiarar har tidlegare vore lagt til Nordfjord. Dette er første gong det blir avvikla i Sogn, og varer frå fredag 30. august til søndag 1. september.

Artikkeltags