Populært musemiddel kan forgifta katten din- Veterinærinstituttet åtvarar

VETERINÆRINSTITUTTET ÅTVARER: Populært musemiddel kan forgifta kjæledyret ditt. Fotoet viser katten Justebusten. Han har heldigvis ikkje fått i seg musegifta. (Foto: Mona Solstad Vik)

VETERINÆRINSTITUTTET ÅTVARER: Populært musemiddel kan forgifta kjæledyret ditt. Fotoet viser katten Justebusten. Han har heldigvis ikkje fått i seg musegifta. (Foto: Mona Solstad Vik)

Av

Stadig fleire brukar alfakloralose som musemiddel. Det ikkje så mange er klar over er at det kan forgifta kjæledyret ditt.

DEL

Veterinærinstituttet skriv på nettsida si at musemiddelet vert selt fritt på hagesenter og i jernvarehandlar som åtestasjonar eller etterfyllingsposar.

Farligast for kattar

Dette giftstoffet er i ferd med å overta privatmarknaden av musemiddel etter at utlegg av dei giftene som gir blødningar no berre er lov å bruka av skadedyrforma og bønder både i Noreg og andre land.Alfakloralose gir narkose med nedsett kroppstemperatur, og forgifta mus døyr vanlegvis av nedkjøling. Alfakloralose kan også forgifta kjæledyr. Forgiftninga er rapportert å vera vanlegare hjå kattar enn hjå hundar. Dette har truleg samanheng med at kattar i større grad fangar mus, og at kattar er meir sensistive for stoffet enn hundar er, skriv Veterinærinstituttet.

Inga motgift

Veterinærinstituttet registrerer at det no førekjem, eller er mistanke om, ei rekkje slike tilfelle av forgifting hjå kjæledyr i Noreg, og andre nordiske og europeiske land.Forgiftninga gjer kjæledyret raskt ustø, det får skjelvingar og nedsett kroppstemperatur, og i verste fall koma. Det er ofte sterk sikling, og det kan førekoma kramper.Behandlinga tek berre symptoma, det fins inga spesifikk motgift. Kjærledyra bør få ro, og nok varme.

Gå til dyrlege

Dersom katten din får slike symptom, og du mistenkjer at den har vore i kontakt med musegifta, så er rådet å kontakta dyrlege.- Dyrlege bør kontaktast raskt for optimal behandling. Me har etablert metodar for å analysera alfakloralose i prøver av urin, blod, mageinnhald eller organ frå forgifta dyr, skriv Veterinærinstituttet.

Artikkeltags