Lærdalstunnelen var stengd

Tunnelen er no open for fri ferdsel att etter opprydningsarbeid.

Publisert 18.06.2019 kl. 16.39.

Lærdalstunnelen på E16 mellom Lærdal og Aurland er stengd på grunn av gjenstand i vegbana, melde vegtrafikksentralen klokka 16.37.


- Trafikkantar melde frå om at det ligg ein gjenstand i vegbana, tunnelen er difor rutinemessig stengd til me får fjerna den, seier Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen.


Han veit førebels ikkje veit kva gjennstand det er snakk om, men fortel at entrepenør er på veg til staden.


- Det blir truleg ikkje langvarig stenging, seier Hille.


Klokka 17.06, om lag ein halvtime seinare, var tunnelen open for fri ferdsel att.


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida