Gå til sidens hovedinnhold

Løyver 3,9 millionar kroner til nye ladestasjonar – berre ein i Indre Sogn står på lista

Fem ulike hurtigladeoperatørar får tilskot frå Vestland fylkeskommune. Dei skal til saman byggja 30 hurtigladestolpar på i alt 13 ladeplassar i fylket.

– Tiltaket skal vere med å sikra betre ladetilbod, slik at det skal vera praktisk å køyra elbil i heile fylket. Dette er med å utvikla eit framtidsretta Vestland både for innbyggjarar og næringsliv, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring.

Han legg til at det har kome svært mange gode søkjarar til ordninga og at ladeplassane som no skal byggjast ut vil gje mykje betre dekning, særleg i dei nordlege delane av fylket, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Utsleppsfrie nybilar i 2025

Regjeringa har som målsetjing at alle bilar som blir selde frå 2025 skal vera utsleppsfrie. Tal frå Opplysingsrådet for vegtrafikken (OFV) viser at fleire og fleire nyregistrerte bilar er elektriske.

Om denne utviklinga held fram, er det sannsynleg at nær alle nye bilar i Vestland vil vere nullutsleppsbilar innan 2025.

I Indre Sogn er det berre ein stad som får tilskot. Det er i Lærdal der BKK planlegg ein ladestasjon med tre stolpar på Lærdalsøyri. BKK får 480.000 kroner.

Her er lista over dei som får tilskot:

Kommentarer til denne saken