På lista står Lærdalselvi, som får 190.000 kroner til eit prosjekt med restaurering av kilar og sideløp.
Kilane i Lærdalselvi er ein viktig del av oppvekstområde for yngel i elva. Dette er område som er ein del av dei opphavelege oppvekstområda i nedre delen av Lærdalselva. Ein del av dei gamle kilane hadde ikkje tilstrekkeleg vassføring, eller var grodd igjen.
Elveeigarane i Lærdalselvi ønskte å ta tak i desse problema og starta eit arbeid for å kartlegga kilar i Lærdalselvi allereie i 1990. I 1996 vart elva råka av Gyro-smitte og arbeidet med kilane stoppa difor opp. Etter at Lærdalselvi no er friskmeldt ønskjer elveeigarlaget å ta opp igjen arbeidet med kilane, heiter det i prosjektskildringa.
Fleire i Sogn og Fjordane
Elva Nausta er eitt av vassdraga som får betydeleg støtte i denne runden.
Elveigarlaget ønskjer å gjennomføra habitat- og restaureringstiltak i Nausta, og til dette får dei tre millionar kroner. Dei viser til undersøkingar utført av NINA og NORCE/LFI som syner at det dei har gjennomført så langt er svært vellykka. Dei har og identifisert attståande område med lite skjul for eldre ungfisk og utfordringar med flaum. Eitt av områda har og eldre tersklar og forbyggingar. Nausta vil med dette prosjektet vera heilt restaurert.
Andre vassdrag i Sogn og Fjordane som får støtte er Nitterelva i Fjaler, der ein skal betra vandringa for sjøaure i kulvert. Prosjektet får 70.000 kroner.
Rygg og Grov sameige får 220.000 kroner til habitatskartlegging og fiskeundersøking i Ryggelva i Gloppen.
Åtte andre prosjekt i Vestland har fått støtte: Bergen kommune, Møllendal elvepark, elvemuslingprosjekt i Bjørnafjorden, kartlegging av vassførekomstar i Hordaland, sjøaureprosjekt i Sunnhordland. Dalen i Ytreeide, Akvariet i Bergen og Sotra sportsfiskarar har også fått støtte.
Ein av fire elvar og innsjøar i Noreg har ikkje god nok miljøtilstand. Det som påverkar fisk, planter og andre artar som lever i vatn mest negativt er vasskraftutbygging, miljøgifter, naturområde som blir borte på grunn av utbygging, innførsel av framande artar, langtransportert ureining og ureining frå landbruk og avløp.
Derfor gir Miljødirektoratet tilskot for å betra miljøtilstanden i vatn.
Sterk auke i søknader
– I tillegg til å betra vasskvaliteten og livsgrunnlaget til dyr og planter som lever i vatnet, skal fleire av tiltaka redusera lokal flaumfare. Det er ei viktig tilpassing til eit klima i endring, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet i ei pressemelding.
I år var det 207 søkjarar som hadde søknader på totalt 128 millionar kroner.
– Me ser ein betydeleg auke i talet søknader med gode prosjekt, og me har søkjarar frå en stadig større del av landet, seier miljødirektør Ellen Hambro.