Miljødirektoratet og nasjonalparkstyret vil undersøkja korleis dette vil påverka bruken av området. I første omgang gjeld løyvet berre i perioden 15. juni til 15. oktober.

Dette skriv Miljødirektoratet i ei pressemelding.

– Med elsykkel vil det bli enklare å koma seg lenger inn i verneområda enn tidlegare. No vil me undersøkja om opninga for elsykkel påverkar kor i området folk drar, og om ferdselen i verneområdet aukar, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Alle norske verneområde har ei verneforskrift som regulerer kva som er lov og ikkje i det enkelte området.

I dag er elsykling rekna som motorisert ferdsel etter regelverket, og er som regel forbode i verneområda i Noreg. Dette gjeld også på vegar og turvegar, også når hjelpemotoren er slått av.

(© NPK)