FEKK STIPEND: Silja Fjærestad Hønsi, Marius Årestrup Larsen, Jens-Henrik Hegg, Bartosz Szwed, Endre Wold, Erlend Aase og Idar André Tenold-Saglien har god grunn til å smila etter at dei vart tildelt stipend frå Highsoft. Lasse Virkesdal, Leif Malvin Hjelmevoll, Maria Bertine Sleire Tistel, Sondre Skjerven og Torgeir Heimdal Aase fekk også stipend, men er ikkje med på bilete. (Pressefoto)

Lokale idrettsutøvarar i Vik fekk stipend

IT-selskapet Highsoft delte ut stipend til lokale idrettsutøvarar i Vik for tredje gong.

Publisert 29.12.2018 kl. 19.00.

- Me er stolte av dei unge idrettsutøvarane i Vik, og vil gjerne dela vår suksess for å støtta vidareutviklinga av deira talent og engasjement, seier Anne Jorunn Fjærestad, HR og økonomiansvarleg i Highsoft.


IT-selskapet har oppretta eit årleg stipend der utøvarar frå 16 år frå eit av idrettslaga i Vik kommune kan søkja, og i år var det tredje gongen dette stipendet vart delt ut. 


I år fekk desse utøvarane stipend: Marius Årestrup Larsen, Jens-Henrik Hegg, Silja Fjærestad Hønsi, Bartosz Szwed, Endre Wold, Erlend Aase, Idar André Tenold-Saglien, Lasse Virkesdal, Leif Malvin Hjelmevoll, Maria Bertine Sleire Tistel, Sondre Skjerven og Torgeir Heimdal Aase.


- Highsoft ønskjer å gje samfunnsbidrag til Vik, og det gjer me gjennom å støtta lokale idrettslag og aktive idrettsutøvarar. Målet er at dei skal få litt hjelp i si satsing vidare, seier Fjærestad.


Fjærestad er også aktiv i Vik idrettslag, og tykkjer det er flott at verksemder støttar opp om idretten i bygda.


- No har me i Highsoft delt ut stipend for tredje gong. Så lenge me har økonomiske musklar, vil me halda fram å bidra, seier ho.


Les meir om: Sport Vik

Siste saker Gå til framsida