Lokale bryggeri appellerer til nærmarknaden: – Øl er også lokale jobbar

APPELLERER: – Me prøver halda volumet i salet frå butikkane, seier Øystein Meland, frå Balder i Leikanger, som er initiativtakar til næringa sitt opprop inn mot lokalmarknaden.

APPELLERER: – Me prøver halda volumet i salet frå butikkane, seier Øystein Meland, frå Balder i Leikanger, som er initiativtakar til næringa sitt opprop inn mot lokalmarknaden. Foto:

Av

 – Det er djupt alvor no, seier Øystein Meland, ein av fleire lokalprodusentar av drikkevarer, som no vender seg til nærmarknaden med ein appell.

DEL

– Det er ikkje ei oppfordring til å drukna tidas mørke tankar i glaset, seier Øystein Meland, – men bur du i Sogn og Fjordane og er i butikken eller på Polet for å handla øl eller cider, eller sterkare saker, så tenk på kva du kan bidra med for lokale arbeidsplassar.

Sluttar rekkjene no

Sogn og Fjordane har mange produsentar som har det til felles at dei har sprunge ut frå den nye bølgja med handverksbasert drikkevareproduksjon.

I dette selskapet er det også ciderprodusentar, og jamvel brenneri. Lokale aktørar på desse varene, frå Florø og Indre Nordfjord til Årdal og Flåm, sluttar rekkjene og minner om at jobbar og verdiskaping nær oss har fått ein uvanleg tøff storm kasta på seg.

Mange arbeidsplassar

– Flytter du blikket frå importvarer til øl og cider frå den lokale produsenten, stør du mange arbeidsplassar, seier Øystein Meland, som har sparka i gang initiativet på vegner av bransjen.

Sjølv står han bak bryggeriet Balder i Leikanger. Siste dagane har fleire produsentar gjeve si støtte til oppropet, som Turken, også Leikanger, Balholm/Ciderhuset i Balestrand, Ægir Bryggeri i Flåm, Tya Bryggeri Årdal, Kinn i Florø, Skifjorden, Kvernfossen og Olden.

CIDER OG EPLEDRAM: Ciderhuset i Balestrand, her representert ved Aage Eithungjerde, er ein allsidig aktør innanfor den nye næringa.

CIDER OG EPLEDRAM: Ciderhuset i Balestrand, her representert ved Aage Eithungjerde, er ein allsidig aktør innanfor den nye næringa. Foto:

Blir hardt råka

Mangfaldet på handverksprodukt innan drikkevarer har gått til himmels siste åra, ikkje minst i Sogn. No er risken stor for at det fargerike produsentkartet bleiknar.

– Bransjen blir råka hardt no, nedstenging av uteliv, avlyste konsertar og festivalar og full stogg i reiselivet, slår hardt inn i marknaden vår, seier Øystein Meland.

No er målet for desse produsentane å halda volumet i butikkmarknaden, som er den einaste kanalen til forbrukaren i desse dagar.

BUTIKKVOLUMET: Evan Lewis og Ægir Bryggeri i Flåm er pioneren i denne bransjen og er representert i butikkhyllene over heile landet.

BUTIKKVOLUMET: Evan Lewis og Ægir Bryggeri i Flåm er pioneren i denne bransjen og er representert i butikkhyllene over heile landet. Foto:

Artikkeltags