Lokalavisene taper framleis store annonseinntekter, mange må permittera medarbeidarar, går det fram i ei pressemelding frå Landslaget for lokalaviser (LLA).
Går ut over innbyggjarane
Mange aviser har alt måtte permittera medarbeidarar. No fryktar LLA at annonsesvikten fører til at innbyggjarane i store deler av Norge får mindre journalistikk og samfunnsviktig informasjon.
Det er i ei ny undersøking blant sine 110 medlemsaviser at LLA avdekkjer store tap og ei faretruande utvikling blant lokalavisene.
Tomas Bruvik, generalsekretær er uroa over det han ser:
– Det blir dramatisk når lokalavisene no byrjar å permittera også redaksjonelle medarbeidarar. Det har knapt tidlegare i fredstid vore viktigare å få ut informasjon til innbyggjarane. Nettopp i desse tider må me halda hjula i gang, men det ser stygt ut for mange aviser alt no, og enda verre når me kjem lengre ut i april, seier Bruvik.

Dramatisk inntektsfall- Sogn Avis permitterer
Halvparten har sendt ut permitteringsvarsel
LLAs medlemsrapport avdekkjer at over halvparten av lokalavisene som er med i undersøkinga alt har sendt ut permitteringsvarsel. Nesten 20 prosent seier at dei vurderer å gjera det. Bakteppet er altså sviktande annonseinntekter. Nesten 80 prosent av avisene trur at dei vil mista enda meir av annonseinntektene i april, går det fram i pressemeldinga.

Firda permitterer – ni blir ramma
Medvitne på lokal handel
– Det er bra at mange kommunar no har byrja å bruka avisene til kommunale annonsar. Slik bidrar dei til å halda liv i avisene. Me ser også at fleire lokalaviser går saman med næringsforeningar og kommunar om å gjera folk medvitne på lokal handel. Dette er bra, men lokalavisene må også ha statleg hjelp for å klara seg gjennom krisa, seier generalsekretæren.
Tomas Bruvik håper difor at regjeringa snart kjem med ein tiltakspakke for mediebransjen og at ein ikkje ventar til dei første avisene må stengja dørene.