– Ei jamn kjønnsfordeling både i leiarstillingar og i andre ansvarsroller vil gjere oss betre – både som lokalbank og arbeidsgjevar, seier leiar HR Ingeborg Indrelid i ei pressemelding.

Sogn Sparebank har signert Kvinner i Finans Charter. Dette er ein organisasjon eigd av finansnæringa, der målet er å auka kvinneandelen i leiande posisjonar i finansnæringa i Noreg.

Ved å signera charteret pliktar banken følgjande: Setja interne mål for kjønnsbalanse på leiarnivå og i ansvarsroller, ha ein person på leiarnivå med dedikert ansvar for å følgja opp arbeidet, publisera årleg status og framgang mot måla som er sett og ha ein ambisjon om å linka godtgjeringar til leiarar opp mot måloppnåing.

Viktig internt og eksternt

Leiar HR Ingeborg Indrelid er ein del av leiargruppa i banken, og skal følgja opp dette arbeidet vidare.

– For oss er kompetansen det avgjerande, og ikkje kva kjønn du har. Likevel er det viktig at me er tydelege på å oppmuntra og leggja til rette for at fleire kvinner rekk opp handa og tek ansvar. Ved å signera Kvinner i Finans Charter tek me eit tydeleg standpunkt om at dette er viktig for oss, både internt og eksternt, seier Indrelid.

Banken sine medarbeidarar er i dag halvparten kvinner og halvparten menn, med ein variasjon i alder frå 23 til 64 år. Leiinga i banken er i dag sett saman av to kvinner og fire menn, medan to av tre teamleiarar er kvinner.

Forankra i styret

Styret i banken har vedteke signeringa av Kvinner i Finans Charter.

– Dette er ei viktig sak, og det er viktig at finansnæringa vert meir bevisste på likestilling i leiande stillingar, seier styreleiar i banken Kristine Grønner Ohnstad i pressemeldinga.