Livsfarleg forbikøyring: - To sekund frå total katastrofe

Veit du kven føraren av denne bilen er? Då vil politiet gjerne snakka med deg.

Publisert 05.11.2019 kl. 15.06. Oppdatert kl. 16.44.

- Eg skal slutta å seia at det er det verste eg har sett, for eg har faktisk diverre sett verre.


Livsfarleg køyring

Årdalslensmann Magne Knudsen seier politiet fekk overlevert ein video frå eit dashbordkamera montert i eit vogntog som køyrde strekninga Øvre Årdal - Årdalstangen. 

Eit godt stykkje inne i Steiggetunnelen fanga kamera opp ei forbikøyring som får Knudsen til å rysta kraftig på hovudet og prisa seg lukkeleg over at det ikkje gjekk gale. 

- Her er det tilsaman fire bilar involvert: to vogntog og to personbilar. Me veit ikkje noko om hastigheiten her, men det er naturleg å tru at vogntoget som har kamera montert, held 80 kilometer, som er vanleg og natruleg på denne staden. For å kunne gjennomføra ei forbikøyring her og passera eit vogntog som kanskje er 18 meter langt, må ein ha langt over 80, er resonnementet. 


Sekund frå dødsulukke

- Me ser at det er snakk om kanskje eitt-to sekundars klaring og at føraren også får ein sladd på bilen akkurat idet han greier å komma seg inn i rett køyrebane igjen. Det er med andre ord snakk om eitt-to sekundar frå det eg er heilt sikker på hadde vorte ei dødsulukke, seier Knudsen. 

Han peikar på at det er heilt synleg at vogntogsjåføren reagerer kraftig på forbikøyringa og blinkar med langlysa. Ein ser også tydeleg på filmen at vogntoget bremsar kraftig ned og dermed er med på å avverga det som truleg hadde blitt ein fatal situasjon. 


Lappen ryk

Han legg til at politiet ynskjer å dela videoen for å visa kor nære på det kan vera og seier han er glad for at vogntogsjåføren leverte filmen. 


- Og me har hatt mykje fokus på tryggleik på denne strekninga her gjennom ei årrekkje. Årsaka til det er då også at me har hatt ulykker her opp gjennom åra der folk ikkje har komme frå det med livet i behald, seier han. 


Politiet har ikkje greidd å identifisera føraren av bilen som køyrer forbi, og seier dei gjerne vil høyra frå folk som veit kven føraren er. 


- Då ryk lappen, så enkelt er det. Det er kanskje tøft å gå til politiet med sånne opplysningar - men det er ikkje tøft å vera død, er konklusjonen.