Gå til sidens hovedinnhold

Livet som trafikkdirigent. – Har fleire gonger fått kaffi og kake. Og ei og anna skyljebøtte

Køyrer du bil i Sogn kan du nesten ikkje unngå å møta dei i ny og ne. Kanskje drep du dei med blikket. Men dei er eigentleg svært hyggjelege.

For abonnentar

– Han seier han må nå halv tolv-ferja.

Tom Høvik har nett stoppa ein trailer på austsida av Borgundstunnelen. Kolonnen går om kring ti minuttar.

– Det bør vel gå bra, seier kollega Jermund Bosheim.

Men så er det ikkje alltid at det går som planlagt for sjåførane når trafikkdirigentane strekkjer ut stoppskiltet og gir beskjed om at neste kolonne går om 5, 10, 15 eller 20 minuttar – til dømes.

– Køyre- og kviletid kan vera eit problem. Så skal dei rekkja Gudvangatunnelen eller ei ferje, og så er det kanskje ein som har køyrt litt sakte framfor dei rett før i tillegg. Viss dei ikkje rekk dette her dei har planlagt, så hender det at me får oss ei skyljebøtte, ja. Det blir me vande til, og dei er i fåtal, fortel Tom.

– Det er ein logistikk for sjåførane som kan vera vrien her. Og eg har full forståing for det, men eg kan altså ikkje gjera noko med det, legg han til.

– Skjønte ikkje eit bær

Berre nokre netter før fekk Jermund høyra det. Men han skjønte ingenting av det.

– Det kom ein her ei natt, ein utlending. Han var frustrert frå før, stakkar, og så var det stengt. Og han la av seg ein heil drøss med ord og uttrykk som me ikkje skjønte eit bær ut av. Anna enn at det var ikkje bra det som skjedde. Men ein kan ikkje ta seg nær av det.

Det har til tider vore tett mellom kolonnekøyringane den siste tida, særskild i Lærdal, Aurland og Årdal. No har det vore kolonnar på kvelds- og nattetid i Borgundstunnelen eit par veker. Bakgrunnen er oppgradering av denne og mange andre tunnelar.

I Gudvangatunnelen har det vore nattestengt med nokre få kolonnar om natta i fleire år og i Lærdalstunnelen har det vore ein del kortare stengingar den siste tida. I Vikadalen er det stengt heile døgnet med opningar kvar time, og kvar halvtime på morgonen og ettermiddagen når folk typisk er på veg til og frå jobb. Og i Seimsdalstunnelen er det stengt med kolonnar til visse tider.

Ikkje så rart at folk blir leie, kanskje. Men, det er altså ikkje trafikkdirigentane sitt påfunn å stengja vegar.

– Ein ven seg til ein kvar jobb. Men i starten lurde eg nok litt på kva eg hadde rota meg borti, seier Tom.

Hadde restaurantjobb på Gran Canaria

Han er eigentleg pensjonist, men har drive på som trafikkdirigent dei siste tre-fire åra. Før det jobba han på restaurant på Gran Canaria.

– Det kan me ta eit kapittel om seinare, for det var mange opplevingar der også. Men det som er litt morosamt er at eg hadde kundar på Gran Canaria som eg har møtt att her i kolonnekøar. Så spør dei: «Er du her også? Er dette noko alternativ, då? Er dette betre enn å servera på Gran Canaria?»

Og det er jo eit fullt forståeleg spørsmål. Men Tom tykkjer vel om både å ha noko å gå til og å ha akkurat dette å gå til.

– De er veldig hyggjeleg at nokon ringjer og har bruk for ein sjølv om ein er vorten pensjonist.

– For det er vel hyggjelege folk de møter også?

– Mange, mange. Om somrane med turistbussane til dømes har eg opplevd fleire gonger at dei kjem ut med kaffi og kake. Kaffikoppen kan du berre behalda, seier dei. «Kos deg!» Ein ølboks har det hendt dei vil gje meg også. Så det er veldig mange og heilt klart flest hyggjelege sjåførar.

– Ja, eg vil no seia at overvegande er dei hyggjelege, supplerer Jermund.

– Hyggjeleg å få prata

Han har jobba som lærar og bussjåfør tidlegare. Og han let vel om denne jobben.

– Eg merkar på ein del av yrkessjåførane at dei tykkjer det er hyggjeleg å kunne få prata litt. For dei sit åleine time etter time, og så er det endeleg nokon som vil og kan prata. Så det hender ein del gonger at ein blir hengjande fullstendig att i kjeften. Me kan jo ikkje prata så lenge at me ikkje gjer jobben, men når det er stille og roleg så har me tid, og då er det veldig triveleg.

– Kven er dei mest hissige av privatbilistar og yrkessjåførar?

– Yrkessjåførane er ofte dei greiaste, for dei er vande med og budde på dette. Privatbilistane kan nok ofte bli meir stressa og irriterte. Dei skal gjerne frå A til B og har berekna at det tek ein halvtime. Men så er det stopp. Og då kjem det gjerne ein del ord og uttrykk som ikkje eignar seg på trykk.

– Me burde jo skjøna at dei skal fram, humrar Tom.

– Dei har alle moglege gode grunnar for at dei skal fram eller skulle ha vore framme på ein eller annan plass allereie før dei er komne hit, fortel Jermund.

– Trafikktryggleik er oppgåva vår

– Dette var ein lokalkjent, seier Tom i det ein bil røynd svingar opp på gamle E16 for å ta vegen rundt i staden for å stå i kolonnekø.

Dei er tilsette i BME, Borgund Mur- og Entreprenørservice. Det er firmaet som har mange av desse jobbane med trafikkdirigering og kolonnekøyring i Sogn. Og dei vil skryta av sjefen, Odd Arne Voldum.

– Me har eit veldig godt forhold til arbeidsgjevaren. Han står verkeleg på sjølv også, seier Tom.

Dei er inne i den tredje timen av ei titimarsvakt. Fire mann på vaktlaget der ein står i kvar sin ende av tunnelen og dirigerer, ein køyrer leiebil og ein har pause. Slik rullerer dei kvelden og natta gjennom.

– Trafikktryggleik er oppgåva vår. Leiebilen er bremseklossen i tunnelen for å halda farta nede. Og me føler ofte at dei skulle gjerne ha pusha oss litt, for dette går for sakte, seier Tom.

– Det var ein i går kveld, ein lastebil. Han la seg heilt oppi leiebilen, eg kunne ikkje sjå at det var nokon avstand i det heile teke når dei køyrde nedover her. Kjære vene, stakkars Tom, tenkte eg då, fortel Jermund.

Må alltid ha ein rømmingsveg

Ein annan skummel situasjon er viss ei kolonne har byrja å køyra og så kjem det ein bil eit stykke unna som ser at kolonnen er på veg inn i tunnelen.

– Det er ofte dei verste situasjonane. Då tenkjer gjerne vedkomande at her må det køyrast i 80 for å rekkja kolonnen.

Tom har aldri opplevd at dei ikkje har stoppa i slike situasjonar. Men han har vore budd på det.

– Då me gjekk på kurs så lærte me at me måtte ha ein rømmingsveg. At me måtte vera klare til å hoppa over det rekkverket eller nedi den skråninga. Me skal jo syta for å halda farta nede, men me skal vera trygge, me også. Så viss ein bil kjem utan å stoppa så står ikkje eg der til den køyrer på meg, altså.

– Men du har ikkje måtte bruka rømningsvegen?

– Nei. Men eg har vurdert det.

Sjåføren som køyrde mot kolonnen

Jermund og Tom står også vakter på kolonnekøyringar over fjellet av og til. Det har også bydd på smått komiske, frustrerande og direkte farlege situasjonar.

– Det er ofte slik at dei som har firehjulstrekk, dei tykkjer det er tullete å måtte stå der. Dei må jo kunne koma fram, seier Tom.

Verre var det med bilisten som fekk forklart at han kunne køyra over Filefjell for der var det ope, medan det var kolonne over Hemsedalsfjellet. Rundkøyringa på Borlaug fører begge vegar, og sjåføren køyrde like godt motsett veg i rundkøyringa og flisa av garde opp mot Hemsedalsfjellet – for bommen går berre over eitt køyrefelt.

– Då var kolonnen på veg tilbake, så han ville møta den. Me har jo kommunikasjon med dei som fører kolonnen, så vedkomande vart jo stoppa og snakka til. Så han kom tilbake med kolonnen. Og han skjønte nok kva han hadde gjort då, eigentleg. Men hadde ikkje eg sett det der at han reiste forbi bommen, ja, då snakkar me om fare for tryggleik.

Forklara vegval med Google translate

Språkutfordringar støyter dei også på i ny og ne.

– Ein del utlendingar kan jo verken engelsk eller tysk. Så når me stoppar dei så skjønar dei ingenting. Då dreg dei gjerne fram telefonen med GPS-en, og då får eg spurt på eit vis kvar dei skal. Og så er svaret at dei skal til dømes til Polen, seier Tom.

Men Jermund fann ei kreativ løysing på ein slik situasjon for nokre dagar sidan.

– Eg hadde ein trailer, eg trur dei var frå Latvia. Og då måtte me til med Google translate for å få dei til å forstå at dei måtte køyra Filefjell.

– På vegane er me alle like

Summa summarum er dei likevel veldig tydelege på at sjåførar flest er trivelege.

– Det er dei som tykkjer synd på oss også, når me står her ute i kulda. Så får me mykje skryt av turistane. Skryt av fine vegar og fin natur, seier Tom.

– Likar du best å køyra leiebil eller stå ute i trafikken og dirigera?

– Køyring er ganske einsamt. Så eg for min del likar best å stå i trafikken. Men no pratar eg fælt, då, humrar han.

– I alle fall er det fint og variabelt i denne jobben.

Han summerer opp livet som trafikkdirigent slik:

– Me opplever veldig mykje, og ein kunne ha skrive ei bok om dette her. Men me treffer veldig mykje hyggjelege folk; eit gjennomsnitt av samfunnet. For på vegane er me alle like.

Kommentarer til denne saken