Lidvin deltok på talentleir: – Skyhøgt ambisjonsnivå

PÅ TALENTLEIR: Fem frå Sogn og Fjordane på talentleir, frå venstre bak: Sondre Nor Midthjell (Eid), Lidvin Berge Hestetun (Jotun), Johannes Konstad Lødemel (Stryn). Frå venstre framme: Enok Naustdal (Florø), Jan Tore Jåstad (KA spillerutvikling), Erik Flataker (Måløy)

PÅ TALENTLEIR: Fem frå Sogn og Fjordane på talentleir, frå venstre bak: Sondre Nor Midthjell (Eid), Lidvin Berge Hestetun (Jotun), Johannes Konstad Lødemel (Stryn). Frå venstre framme: Enok Naustdal (Florø), Jan Tore Jåstad (KA spillerutvikling), Erik Flataker (Måløy) Foto:

15- og 16-åringar frå heile landet har vore på Equinor Talentleir i Sarpsborg.

DEL

Mellom desse finn ein Lidvin Berge Hestetun frå Jotun.

– Målet med samlinga er først og fremst å gje spelarane inspirasjon og referansar som gjer at dei forhåpentlegvis jobbar endå betre i kvardagen. Det er ein tøff konkurranse om plassane, så spelarane skal vera stolte over å bli tekne ut her, seier seksjonsleiar for spelarutvikling i Norges fotballforbund, Håkon Grøttland i ei pressemelding.

Ser mot landslaget

Samlinga er ein viktig kartleggingsarena inn mot landslaget. I tillegg til trening og internkampar, blir det jobba mykje med videoanalyse, går det fram av pressemeldinga frå Norges Fotballforbund.

Grøttland meiner spelarutviklinga i Noreg har teke store steg.

– Det er mykje som kan bli betre, men me gjer mykje rett og har teke store steg dei siste åra. Me har spelarar på den øvste internasjonale scena som alle har vore ein del av denne modellen. Det er ikkje så mange år sidan dei var på desse samlingane, seier Grøttland.

UNGDOMSTALENT: Mina Bell Folland (Gaular), Ingeborg Sofie Sætren (Stryn), Malin Eikenes Tjellaug (Stryn) deltok på jentesida.

UNGDOMSTALENT: Mina Bell Folland (Gaular), Ingeborg Sofie Sætren (Stryn), Malin Eikenes Tjellaug (Stryn) deltok på jentesida. Foto:

Revolusjon

Cathrine Instebø, sponsorsjef for Equinor Morgendagens Helter, peikar på at det ligg tallause timar med trening bak prestasjonane.

– Desse talenta viser i ung alder at dei fortener ein plass på ein idrettsarena fylt med hard konkurranse og eit skyhøgt ambisjonsnivå. Dette ligg det tallause timar med trening bak og eg er sikker på at me vil sjå meir til desse unge fotballheltane framover, då som morgondagens berarar av flagget på brystet, seier Instebø.


Artikkeltags