R13: Vikafjellet ved Hestevollen i dag tidleg klokka 06.26. (skjermdump: Vegvesenet)

Lette snøbyger og fare for glatte parti på fleire fjellovergangar

Publisert 15.03.2019 kl. 06.37.

Filefjell er bart. Klokka 05.30 var temperaturen -6 grader, svak vind og opphaldsver.


På Vikafjellet er det vekslande snø- og isdekke. Klokka 05.30 var det -4 grader, laber bris og lett snø.


På Billingen bom - Ospeli er vekslande mellom bart i spor og snø- og isdekke. Det er fare for glatte parti. Temperaturen var -10 grader og det var sør-austleg svak vind, skya og opphaldsver klokka 05.20 i dag tidleg.


På Hemsedalsfjellet det bart, men med fare for glatte parti. Klokka 05.16 var temperaturen -7 grader og det var flau vind og opphaldsver.


Hol- Aurland har vekslande bart og snødekke. Temperaturen var -7 garder og det var svak vind og lette snøbyger klokka 05.45 i dag.


Tyin - Årdal har snø- og isdekke. Klokka 05.20 var temperaturen -6 grader og det var flau vind og lette snøbyger.


På Utvikfjellet er det bart og vått.


 


 


 


Les meir om: Nyhende Trafikk