Rett før midnatt fekk politiet melding om at to personar som var på sauesank ikkje var komne heim.

– Det var pårørande som tok kontakt. Dette var to personar som var vande med å vera på sauesank, men som aldri før vore ute så lenge. Politiet rykte ut saman med mannskap frå Røde Kors og det vart sendt ut redningshelikopter, opplyser Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Det var redningshelikopteret som fann dei to i fjellet.

– Dei vart funne i Gauringsdalen rett før klokka 04.00. Dei to var uskadde og hadde ikkje behov for helsehjelp, opplyser operasjonsleiaren.