Rundt klokka 17.00 søndag stadfesta politiet til Sogn Avis at den sakna kvinna no er funnen av leitemannskap på Hafslo. Ho får no tilsyn av helse.

Ho vart funnen klokka 16.06 i nærområdet til institusjonen. Ho er no sendt til lokal legevakt og vil etter kvart reisa attende til institusjonen på Hafslo, skriv politiet i ein pressemelding.

Meldt sakna

Søndag klokka 09:13 fekk Vest politidistrikt melding om at ei 24 år gamle kvinne var sakna frå institusjonen ho bur på i Lustravegen på Hafslo.

Siste sikre observasjon av den sakna var gjort her laurdag kveld klokka 23:45.

Det skreiv politiet i ei pressemelding søndag ettermiddag.

Fleire ressursar assisterer

Politiet hadde fleire ressursar på staden, og fekk også bistand frå politihelikopter frå Oslo. I tillegg er det fleire frivillige mannskap frå Røde Kors og Norske Redningshundar som assisterer søket.

Etterlysning med namn og bilete vart gitt ut i samråd med dei pårørande og politiet oppfomoda dei som bur i området til å sjekka hage, uthus og liknande.

Ecura skriv i ein e-post til Sogn Avis at det var ein av deira brukarar som bur på Hafslotun i Luster som var sakna.

– Ecura som tenesteytar var uroa for vedkomande og har varsla politiet og redningsmannskap.