Leiteaksjon etter sakna person - vil halda på utover natta

AKSJON: Politi og mannskap frå Røde Kors er i gang med søket etter ein sakna mann i Balestrand.

AKSJON: Politi og mannskap frå Røde Kors er i gang med søket etter ein sakna mann i Balestrand. Foto:

Av

Frivillige frå Røde Kors, Norske redningshundar og Norsk Folkehjelp er kontakta.

DEL

Politiet starta fredag søk etter ein sakna person i Balestrand. Det er gjort på bakgrunn av bekymringsmelding og politiet opplyser at personen har uteblitt frå bupæl.

– Me leitar etter ein mann som dei næraste ikkje har høyrt noko frå sidan onsdag, seier Geir Harkjerr i politiet. Han leiar leiteaksjonen som no er sett i gang i Balestrand.

Mannskap frå Røde Kors i Balestrand er i gang med søket, medan ekstra styrkar frå Leikanger og Høyanger er med på leiteaksjonen.

Leitar utover natta

Politi og hjelpekorps jobbar framleis med å finne att personen som er meldt sakna i Balestrand.

– Me held fram utover kvelden og natta, og jobbar med å få nytt mannskap på plass, seier Geir Harkjerr.

Han fortel at dei no har mannskap frå Røde Kors, tre hundeekvipasjar, og eit redningshelikopter, som grunna mørket må ta kvelden.

– Førebels er det ingen funn etter personen me leitar etter.

Røde Kors jobbar no med å sende ut meir mannskap til søket.

– Me ventar no på tilbakemelding på kor mange, og når dei kan kome, seier Geir Harkjerr.

Søkjer i turløyper

Dei søkjer i hovudsak i terrenget over Balestrand sentrum, på skogsvegar, løyper og turstiar opp mot Raudmelen-området.

– Vedkomande er glad i å gå på tur i skog og mark, og den siste kjende observasjonen er i løypenettet i skogen.

Dei jobbar på spreng for å finne vedkomande og nyttar alle tilgjengelege og nødvendige ressursar.

– Dei som deltek i leiteaksjonen gjer ein formidabel jobb, og er ein heilt uvurderleg ressurs, seier Harkjerr.


Artikkeltags