– Leiteaksjonen er avslutta og vedkomande har landa trygt, seier Tore Fanebust, operasjonsleiar i 110 Vest.
Det var Årdal kommune som først melde at fleire personar hadde observert ein fallskjermhoppar som såg ut til å ha tydelege problem i Øvre Årdal måndag føremiddag.
Publikum vart oppmoda om å ta kontakt med politiet, og det vart rykt ut med mannskap for å leita.
Klokka 12.20 kunne Fanebust melda at dei har avslutta leiteaksjonen.
– Vedkomande hadde landa trygt og alt stod bra til.
Etter det Sogn Avis kjenner til har vedkomande floge sokalla speedwing og drive med luftakrobatikk.