Leiteaksjon avslutta - fann mannen i god behald

DEL

Politiet og frivillige mannskap leita i morgontimane søndag på Nordfjordeid etter ein mann i 20-åra. Operasjonsleiar i Vest Politidistrikt Tatiana Knappen seier ein venegjeng var på veg heim frå fest då den eine av dei forsvann. Dei leita først sjølv, og så kontakta dei politiet.

Vest politidistrikt takkar mannskap frå Norske Redningshunder, Røde Kors og brannvesenet for at dei var med og leita. Søndag føremiddag vart leiteaksjonen avslutta etter at mannen vart funnen i god behald.

Artikkeltags