Bondelaget krev betre beredskap mot flaum og ras

SIKRING: - NVE må få meir midlar til flaumsikring, meiner Anders Felde. (Foto: Bondelaget)

SIKRING: - NVE må få meir midlar til flaumsikring, meiner Anders Felde. (Foto: Bondelaget)

Av

- Storsamfunnet må gjera meir for at innbyggjarane og dei besøkande til Vestlandet skal vera trygge.

DEL

Det skriv Anders Felde, leiar i bondelaget i fylket, i ei pressemelding.- Me skal bu i distrikta og skape verdiar her, og då er det ein uhaldbar situasjon å ikkje skulle vere trygg, skriv Felde og etterlyser meir handling frå styresmaktene.

NVE

Felde etterlyser meir løyvingar til NVE.- Bondelaget har etterlyst større løyvingar til NVE i dei siste statsbudsjett. Flaumen og rasa på Jølster er eit godt døme på korleis det kan gå. For to år sidan vart husa ved Årsetelva sikra mot elva, og tiltaka her har vore med på å redda husa som står der i dag. Sikringa har tatt av for massane som kom ned, men er øydelagt og må erstattast. Når ein ser øydeleggingane her, torer ein ikkje tenkja på korleis det hadde sett ut om det ikkje hadde vore ei sikring her, seier Felde.

Liten vilje

Bondelaget syner til at kommunar har blitt oppmuntra til å utarbeide raskart og flaumkart for sikring av områda, og dette er langt på veg blitt gjort.- Men det hjelp lite når myndigheitene sin vilje til å investere i sikring er låg. Køen hjå NVE over sikringstiltak som treng løyvingar er lang og NVE har eit enormt etterslep. Dette er ei viktig sak for distrikta. Det er ei målsetjing om å ha eit landbruk i heile landet og ha levande bygder, men då må det vere trygt å bu her. Vi aksepterar at det kjem til å komme meir ekstremvêr på Vestlandet, men då må storsamfunnet gjere meir for at innbyggjarane og dei besøkande skal vere trygge her. Utan sikring av elvar og rasområder vil matproduksjonen òg oppleve eit langt større press for å nytte sikre områder med dyrka mark til framtidige bustadfelt og næringsareal, heiter det.

Artikkeltags