Leia 5-1, tapte 9-6: - Kampen minna meir om vasspolo enn fotball

- Dette var ein kamp som ikkje blir hugsa for kvaliteten på bana, men for heilt andre ting.

Publisert 10.10.2018 kl. 15.16. Oppdatert kl. 15.44.

Det seier Kaupanger-målvakt Sondre Dalaker etter 6. divisjonskampen mellom Høyang 2 og Kaupanger 2 på ei søkkblaut kunstgrasbane på Sletta tysdag kveld.


Kampen kort summert: Det vart scora 15 mål, gjestene leia med fire mål til pause, men tapte med tre til slutt, ein mann vart utvist og keeper scora på hovudet.


- Det er to avgjerande faktorar som gjer at kampen vart som den vart. Det eine er bassenget framfor mål og det andre er at midtstopparen vår Finn Ivar Lied måtte ut i pausen med skade.


Dalaker, som eigentleg er utespelar, sa på spøk då han gjorde comeback på rekruttlaget i sommar at han kunne vera 4. keeper på andrelaget om det var krise.


Onsdag fekk han tillit frå start mellom stengene igjen for tredje gong denne hausten. 


- Vassdammen framfor mål hadde minst like mange redningar som eg hadde før pause. Det var skot som fort kunne gått i mål, men som stoppa heilt opp og vart liggjande å flyta. Utan dammen tippar eg at stillinga hadde vore uavgjort til pause. I staden leiar me 5-1.


Etter kvilen måtte altså grøntrøyene klara seg utan stopparbautaen, som måtte ut med skade.


- Det var eit slag for oss. Og så hadde trenaren lova å gå i mål dersom me leia med tre mål eller meir til pause. Det gjorde me, og då fekk eg lov å spela ute i 2. omgang.


Men på stillinga 6-5, måtte Dalaker ta på seg keeperhanskane att. Dette trass i at han hadde vore framme og scora eitt mål etter ein dødball.


- Me slapp inn mål i det 47. og 48. minutt, og Høyanger var inne i ein sopass god stim då eg gjekk i mål att. Samstundes måtte me angripa bassengmålet og stopparen vår var som sagt ute. Så då rakna det fullstendig, seier Dalaker om den bekmørke 2.-omgangen.


Det skal òg nemnast at bortelaget fekk ein mann utvist i kampen, men ikkje før i det 80. minutt på stillinga 8-6.


- Dette er breiddefotball med stor B, ler Dalaker, og legg til at kampen hadde god underhaldningsverdi for dei 7-8 publikummarane som trassa dei kraftige regnbyene og møtte på kamp. 


- Alt i alt, så var det ei artig oppleving og eg ser absolutt humoren i dette.


 


Film og foto: Edvard Ingi Fredriksson)


Siste saker Gå til framsida