Lego forskar på nye materiale: Snart blir alle klossane grøne

GRØNE KLOSSAR: Nett no er det berre busker og blad på Lego-tre som er framstilt av berekraftige materiale, opplyser Lego. Verksemda forskar på å gjera dei  populære leikene meir miljøvennlege. (Illustrasjonsfoto)

GRØNE KLOSSAR: Nett no er det berre busker og blad på Lego-tre som er framstilt av berekraftige materiale, opplyser Lego. Verksemda forskar på å gjera dei populære leikene meir miljøvennlege. (Illustrasjonsfoto) Foto:

Innan 2030 skal alle Legoklossar vera grøne, melder den danske leiketøysgiganten ifølgje NTB.

DEL

Då skal det nemleg vera slutt på bruk av plast framstilt av fossile brennstoff. No jobbar Lego-familien Christiansen med å utvikla meir berekraftig plast, til dømes av nettopp sukkerrøyr eller trevirke.

Ikkje så lett

– Det er faktisk ikkje så lett som ein skulle tru, me er berre komne eit stykkje på vegen, seier administrerande direktør Niels B. Christiansen.

Per dags dato, opplyser den danske avisa Børsen, er det berre busker og blad på Lego-tre som er laga av berekraftig materiale, då i form av sukkerrøyr.

– Mykje som ikkje verkar


Allereie i 2012 melde Lego-konsernet at dei ville utvikla nye materiale som skal erstatta dei oljebaserte klossane. I 2015 sette verksemda av over 1 milliard danske kroner for å forska på meir berekraftige klossar, men førebels utgjer desse under to prosent av det som vert selt.

– Me må nok testa mange forskjellige materiale som ikkje verkar før me finn nokon som gjer det, seier Christensen.
Dagens klossar er laga av såkalla ABS-plast og har vore brukt sidan 1963. Dei er særs haldbare når det gjeld både form og farge. Utfordringa er å gjera framtidas klossar like haldbare.


Artikkeltags