Gå til sidens hovedinnhold

Legg inn ekstra tid om du skal køyra riksveg 5 dei komande dagane

Det dukkar stadig opp nye prosjekt på lista til Statens vegvesen, i tillegg til alle dei som enno ikkje er avslutta.

Hald deg oppdatert på vegvesen.no

Rv. 5 Sogndalsdalen ved Dalavatnet

I trafikkmeldinga står det Sogndalsvatnet -Teigane, men for dei fleste vegfarande er det meir kjent som Dalavatnet.

Der vert det manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid måndag 14. juni og tysdag 15. juni frå 07:00 til 20:00.

Kan bli inntil 30 minutt ventetid. Utrykkingsbilar og rutegåande trafikk kan passere

Rv. 5 Fjærlandstunnelen

Her blir det manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid denne veka.

Det startar måndag 14. juni og varer til torsdag frå 08:00 til 18:00. Her må du venta på følgjebil.

Kolonnane blir tilpassa rutegåande trafikk.

Rv. 13 Hella – Hermansverk

Her kjem du deg forbi, men må senka farten til 50 km/t og innsnevring på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane: Måndag og tysdag frå 20:00 til 06:00 (neste dag).

Gjeld frå: 14.06.2021 kl. 20:00 til 16.06. kl. 06:00

Kommentarer til denne saken