KUNSISBANE: Lærdal idrettslag jobbar med å få lagt kunstisbane i Lærdal. 9. april inviterer dei til ope møte for å vise fram planane og drøfte moglegheitene for ei slik etablering. (Foto: Jarle Offerdal )

Legg fram planar for utandørs kunstisbane

Lærdal idrettslag har teke opp att arbeidet med å etablere ei utandørs kunstisbane i Lærdal og inviterer til ope møte om dette.

Publisert 03.04.2019 kl. 14.49. Oppdatert kl. 14.50.

- Forholda for eit slikt anlegg ligg veldig godt til rette der skøytebana ligg i dag. Me ser at i dei periodane som det er lagt skøyteis er bana godt besøkt, også frå nabokommunane. Me inviterer til ope møte for å vise fram planane og drøfte moglegheitene for å etablere ei kunstisbane som kan vere ein del av aktivitetstilbodet i regionen, seier Hallvard Thomassen i ei pressemelding.


Thomassen har leia prosessen so langt, men har nyleg gått av som leiar i Lærdal idrettslag.


I pressemeldinga går det fram at planane er å etablera isflater både til skøyter og anna isleik.


Under det opne møte som vil finna stad i kulturhuset 9. april vil Norcunsult presentera moglegheitsstudien som er gjennomført, og det vil vera innlegg frå næringsaktørar i regionen.


Hovudfokus vil vera dei potensielle tekniske og praktiske løysingane for ei slik bane, finansiering og kva ei kunstisbane i Lærdal kan bety for regionen.


- Moglegheitene for auka vinteraktivitet og næringsutvikling i heile regionen er gode rundt eit slikt anlegg. No håpar me desse mykje omtala planane kan bli realitet, og håpar difor mange kjem på møtet for å høyra meir om dette, seier Thomassen.


Kåre Øyri er ein av dei som verkeleg håpar at Lærdal får si eiga kunstisbane. 


- Lærdal har fått støtte til eit forprosjekt og eg er glad for at dette er komen på agendaen igjen, sa han til Sogn Avis i januar.


Med ny kunstisbane kan syttiåringen og andre skøyteinteresserte i framtida sleppe å vera prisgjeven naturen sine lunar, slik ein er i dag.


- Med kunstisbane kan ein leggja grunnlag for ein mykje større skøyteaktivitet. Eg tenkjer ikkje berre på lærdøler, men her er alle velkomne, seier Øyri.


Les meir om: Sport Lærdal