Låve og naust brann ned til grunnen i Undredal

Brannvesenet jobbar framleis med ettersløkking av brannen i Undredal.

Brannvesenet jobbar framleis med ettersløkking av brannen i Undredal. Foto:

Brannen starta i eit naust og spreidde seg vidare til ein låve, eit uthus og to båtar som var lagra på land.

DEL

Vest politidistrikt fekk melding klokka 03.21 natt til fredag at det brann i eit naust i Undredal i Aurland kommune. Brannen spreidde seg vidare til ein låve. Det vart også skadar på to båtar og eit uthus. Ingen personar er sakna eller skadde.

Fare for spreiing

Det er tett bebyggelse av trehus i området, og det var fare for spreiing til andre bygningar. Då brannvesen kom fram fekk dei raskt kontroll på brannen.

I morgontimane fredag jobbar brannvesen framleis med ettersløkking.

– Årsaka til korleis brannen starta er heilt ukjend. Me er på staden og avhøyrer vitne, snakkar med dei som har opplysingar og så vil politiet oppretta sak, seier Stein Rune Halleraker, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Artikkeltags