PÅGRIPEN: Måndag blei ein polsk mann i 40-åra pågripen på ei adresse i Vik kommune. (Foto: Privat)

Lauslater mann i 40-åra: - Ikkje sjellig grunn til mistanke om menneskehandel

Langmannsretten har teke stilling til om den polske mannen som er sikta for menneskehandel, skal varetektsfengslast.

Publisert 23.08.2019 kl. 14.14. Oppdatert kl. 15.10.

- Lagmannsretten har avgjort saka om varetektsfengsling etter at tingretten ville lauslata mannen, seier advokat hans, Anette Vangsnes Askevold.


Ho seier at lagmannsretten har kome til same konklusjon som tingretten. 


- Det er ikkje sjellig grunn til mistanke om menneskehandel, dermed blir han lauslaten, seier Askevold.


Måndag vart mannen i 40-åra arrestert på ei adresse i Vik kommune. Etter det Sogn Avis kjenner til, vidareformidla mannen eit større tal utanlandske arbeidarar til kring sju bønder i Fresvik. Mannen er sikta etter straffelovens § 257 om menneskehandel.


Han vart framstilt for varetektsfengsling onsdag, men Bergen tingrett meiner det ikke er skjellig grunn til mistanke for menneskehandel.


Tingretten ville lauslata mannen, men politiet anka. Retten gav politiet medhald i at han blir sitjande i varetekt fram til lagmannsretten hadde konkludert.


Les òg: Bærdyrkarane i Fresvik er i sjokk: - Me veit ikkje kva me skal tru


- Veldig letta

Askevold seier klienten hennar no er letta over avgjerda.


- Eg reknar med han skal tilbake til Fresvik og halda fram arbeidet der, seier ho. 


Ho seier politiet truleg vil halda fram med etterforskinga. 


- Eg har aldri vurdert dette som ei menneskehandelssak. Eg reknar med vidare etterforsking vil styrka saka til klienten min, seier ho.


Les meir om: Nyhende Vik