– Det er ein vikar som har rota seg litt vekk i dag, seier Olav Tore Fosse, ansvarleg for distribusjon av Sogn Avis i Leikanger.

Han fortel at dei fleste frå Fosshagen til Sognefjord hotell no skal ha fått avisa.

– Det er litt viktig at dei som har tinga avisa får den. No skal dei fleste ha fått den, så har me nokon ekstra i beredskap om den framleis ikkje er komen.