Lastebil velta på fv. 55

DEL

Vest politidistrikt melde tysdag morgon om ei trafikkulukke på fylkesveg 55 Kvamshaug mellom Sogndal og Hafslo. Det er ein lastebil som har velta. Både politi, ambulanse og brannvesen rykka ut. Mannen sat fast, så brannvesenet arbeidde med å få han ut. Sjåføren vart frakta frå staden i ambulanse, medviten og med smerter i ryggen. Det var berre føraren i lastebilen.

Vegtrafikksentralen melder at det er redusert framkome på staden på grunn av ulukka, Men at det er mogleg å koma forbi.

Artikkeltags