Lastebil byrja å brenna i Frudalstunnelen

DEL

Naudetatane rykte ut til brann i ein trailer i Frudalstunnelen på riksveg 5 måndag ettermiddag. Vest politidistrikt meldte at brannen var om lag ein kilometer inne i tunnelen, frå Fjærlandssida.

– No ser det ut som om dei har klart å sløkkja sjølve, før brannvesenet er kome fram, etter dei meldingane me har fått, seier leiar Terje Brandsøy på Alarmsentralen.

Brannvesenet tok seg inn for å sjekka. Politiet melder på Twitter at det skal ha vore brann i tilhengaren på ein lastebil som køyrer bos.

– Brannen er sløkt og det er ingen røyk i tunnelen lenger. Tungbilberging er på veg, meldte politiet i 14.30-tida.

Vegtrafikksentralen opplyste klokka 16.12 at det er kolonnekøyring med ledebil gjennom tunnelen.

I 20-tida var det framleis kolonnekøyring, men Vegtrafikksentralen opplyser at trafikken verka gå greitt. Bilberging var då plass.

Klokka 20.24 melder Vegtrafikksentralen at tunnelen er open for trafikk.

Artikkeltags