Dei raude frå industribygda toppar 4. divisjon etter sju serierundar, med Hovland og Stedje som markante brikker både på og utanfor bana.Me har snakka med Hovland om tida i Sogndal og Florø, om kvifor han spelar 4. divisjon i heimbygda i staden for å vera på eit høgare nivå, om lasagneforma som blei kasta på fjorden i staden for å bli reingjort, og han fortel om då han fekk munnkorg etter det velkjende intervjuet i etterkant av serieopninga mot Hallingdal i 2016.Stedje mimrar attende til då han var på G17-landslaget med ein fyr som heiter Rune Almenning Jarstein, han fortel om stemninga i heimen då han braut handa på snowboard i det fotballkarrieren var i ferd med å ta av, og han vedgår å ha fått tunnel på seg frå Nils Tore Krosshaug. Det blir óg nokre historiar om Åge Sem-Johansen.Stedje gir dessutan terningkast på fotballkvalitetane til Endre Romøren - dei har spelt saman i 6. divisjon - og Morten Sortland får testa seg i ein quiz om gjestene.Episoden kan høyrast i iTunes og SoundCloud.
Lasagneforma som gjekk på fjorden, munnkorg, Krosshaug-tunnel og snowboard-skade
Artikkelen er over 4 år gammel
Årdal FK-duoen Truls Hovland og Christian Stedje er gjester i den nye episoden av Radl om badl.