Gå til sidens hovedinnhold

Lærdølen Øyvind fekk Vossa Jazz-prisen

– Ein musikar som er svært allsidig og har ei imponerande liste over produksjonar og samarbeidsprosjekt.

Slik karakteriserer juryen Øyvind Hegg-Lunde, som 5. november fekk Vossa Jazz-prisen 2021.

Det var fylkesordførar Jon Askeland som delte ut prisen i samband med konserten til Voice & Strings & Timpani på USF Verftet i Bergen.

50.000 kroner

Vossa Jazz-prisen er gjeven av Vestland fylkeskommune. Prisen er på 50 000 kr, i tillegg til eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat som er laga av festivalkunstnaren, i år gatekunstnaren ITPD.

Prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren i Vestland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren.

I grunngjevinga heiter det:

«Vossa Jazz-prisen har gjennom åra vorte gjeven til mange gode musikarar frå fylket, og lista over tidlegare prisvinnarar utgjer ein stor del av dei viktigaste utøvarane i landsdelen. Årets vinnar har røter i begge dei to fylka som no saman utgjer Vestland fylke.

Årets prisvinnar er ein musikar som er svært allsidig og har ei imponerande liste over produksjonar og samarbeidsprosjekt. I tillegg til ei solid heimleg karriere, jobbar han også i ei rekkje internasjonale konstellasjonar, på tvers av sjangrar, og prisvinnaren har i arbeidet sitt samarbeida innan dans, poesi, teater og perfomancekunst. I tillegg har vinnaren gjort fleire bestillingsverk for både samtids-, jazz- og folkemusikkfestivalar – inkludert suksessrike verk/framsyningar for born og ungdom.»

Kommentarer til denne saken