Lærdalstunnelen var stengt

DEL

SISTE: Klokka 09.15 melder Vegtrafikksentralen at tunnelen er open igjen.

– Vogntoget har fått fiksa bremsene og køyrer ut for eiga maskin.

Klokka 08.19 melde Vegtrafikksentralen at E16 Lærdalstunnelen var mellombels stengt på grunn av melding om varmgang i dekk frå eit større køyretøy.

Røykutviklinga og varmgangen skuldast truleg låste dekk.

Politiet og bilbergar rykte ut til staden.

Tunnelen var stengt i om lag ein time før den opna igjen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken