Lærdalselvi på sjøauretoppen

DEL

Det vart fiska 21..352 kg laks og 3.418 kg sjøaure i elvane i Sogn og Fjordane i 2019, opplyser Fylkesmannen.

Av dette vart ein tredjedel av laksen og halvparten av sjøauren sett ut att i elva.

Mest laks vart det teke i Flekkeelva i Fjaler, 2.513 kg, og mest sjøaure i Lærdalselvi, 584 kg.

I tillegg vart det fanga 5.915 kg laks og 40 kg sjøaure i sjølaksefisket i Sogn og Fjordane.

Statistikken for Vestland syner at to tredjedelar av laksen i fylket vart teken i Sogn og Fjordane, medan det vart teke noko meir sjøaure i Hordaland enn i Sogn og Fjordane.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken