Årdal bondelag vurderer samanslåing

Av
DEL

- Me er ikkje så mange aktive bønder att i Årdal kommune, så ei samanslåing med Lærdal bondelag kan vera ei bra løysing for oss. Det seier leiar Ole Bjarne Hovland i ei melding frå årsmøtet. Årdal bondelag heldt årsmøte samstundes med Lærdal bondelag og hovudsaka i møtet vart drøfting av eventuell samanslåing med Lærdal bondelag. Styret fekk i oppdrag frå årsmøtet å jobba vidare med saka for ei eventuell samanslåing hausten 2020, vert det opplyst.

Artikkeltags