Lærdal har tilsett ny rådmann

Gunn Lerøy frå Årdal er tilsett som rådmann i Lærdal. Ho blir den første kvinnelege rådmannen i kommunen

DEL

Lerøy har det siste halvanna året vore i stillinga som rådmann i Hyllestad kommune. Før det var ho prosjektleiar for interkommunalt samarbeid i ÅLA-kommunane, og ho har også bakgrunn frå KS, Hero og Sparebanken Vest. Lerøy har grunnutdanning som adjunkt og mastergrad i leiing, offentleg administrasjon med vekt på kommunesektoren og økonomi.

Seks søkjarar

Det var seks søkjarar til stillinga som rådmann i Lærdal, alle søkjarane var veldig godt kvalifiserte. Lerøy vart innstilt av rekrutteringsutvalet og kommunestyret vedtok torsdag kveld tilsetja henne i rådmannsstillinga.

Godt val

– Me er veldig glade for å kunne tilby Gunn Lerøy stillinga som rådmann. Med ein relevant, robust og variert karriere, samt ei utdanning i leiande retta mot kommunesektoren og økonomien, må eg føle meg trygg på at det er et godt val til denne viktige stillinga. Lerøy har dessutan kjennskap til organisasjonen og tilhøva i Lærdal kommune gjennom jobben med interkommunalt samarbeid som heilt klart ein fordel. Det er jo også på tide at me får ein kvinneleg rådmann i Lærdal, seier ordførar Audun Mo i ei pressemelding.

Artikkeltags