(FIRDA:) 80 av desse lærarane er frå Hafstad vidaregåande skule og Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde. Det melder Utdanningsforbundet sjølv torsdag.

Dei har varsla motparten KS om at dei trappar opp streiken. Den har vart sidan 8. juni, og i tillegg til Utdanningsforbundet, har Skolenes landsforbund og Norsk Lektorlag også medlemmer i streik.

Dette er første gong undervegs i streiken at lærarar i Sunnfjord vert tekne ut.

Med desse 80 lærarane frå Sunnfjord vil om lag 8150 av medlemmane i Utdanningsforbundet vere i streik frå tysdag av. Barnehagar og elevar i førsteklasse er skjerma også i dette streikeuttaket.

Firda kjem tilbake med meir.