– På laksebors.inatur.no kan fiskarar og tilbydarar til eikvar tid sjekka fangstane. Fiskarane kan også registrera fangstar via FangstApp som er tilgjengeleg for både iOS og Android. Du kan legga inn rapportane sjølv om du manglar dekning, seier Gudmund Nygaard i Inatur.

Mange norske elveeigarar og -lag sel laksefiske på Inatur. Fiske etter laks i norske lakseelvar er strengt regulert, og all laksefisk som blir fanga skal rapporterast til styresmaktene. Fleire norske elvar har blitt stengt grunna mangelfull rapportering.

– No blir det enklare å rapportera riktig, både for fiskarar og fisketilbydarar. Det er ein smal sak å sjekka fangstane i yndlingselva, eller ei elv du er nysgjerrig på. Du kan også kjøpa fiskekort på børsen og i appen. Me håpar og trur at FangstApp og den nye børsen kjem alle som har med lakseelvane våre å gjera til gode.

På den nye laksebørsen er det høve til å laga trendrapportar, både for heile elva og enkeltvald, sortert på blant anna reiskap og fiskeart. Slik får du god oversikt over svingningane gjennom sesongen og frå år til år.