SER RESULTAT: - Me ser absolutt gode resultat av omstillingarbeidet på nokre område, medan ein del arbeid står att på andre område, seier Jan Geir Solheim, ordførar og leiar i omstillingsstyret.

Langt fram til folketalsmål i Lærdal

Lærdal hadde som mål å nå auka folketalet med 124 innbyggarar frå 2013 til 2018. Fasiten er 25 færre.

Publisert 05.09.2019 kl. 15.01. Oppdatert kl. 15.17.

- Her må me erkjenna at me ikkje har lukkast, og sprengt bustadmarknad spesielt i første del av omstillingsperioden er noko av årsaka. Men det er ikkje heilsvart. Me har hatt ein auke på nesten ti prosent innbyggjarar i aldersgruppa tjue til tjueni år, og yngre vaksne har også vore gruppa ein har fokusert mest på. Dessutan har me hatt ein auke på tretten innbyggjarar i Lærdal første halvår i 2019, prosentvis er det eit av dei aller beste tala for kommunar i Sogn, seier ordførar og leiar i omstillingsstyret, Jan Geir Solheim i ei pressemelding frå rapporten om omstillingsarbeidet.


26 millionar

Lærdal fekk status som omstillingskommune i 2012. Bakgrunn var nedgang i arbeidsplassar knytt til Lærdal sjukehus og opplysningen 1881.  I 2015 vart det vedteke å endra målsetjingane i handlingsprogrammet frå og med året 2016. Sluttrapporten konkluderer med at dei langt på veg har lukkast med å bidra til nye arbeidsplassar, å få meir fart i næringslivet og gjera Lærdal meir attraktivt.
- Me ser absolutt gode resultat av omstillingarbeidet på nokre område, medan ein del arbeid står att på andre område, seier Solheim.
Det er nytta 26 millionar kroner til omstillingsarbeidet i kommunen.


Ambisiøst mål

I den første utviklingsplanen for omstillingsarbeidet vart det sett som mål å skapa 30 nye arbeidsplassar i løpet av omstillingsperioden. Ifølgje Statistisk sentralbyrå sine tal er det auke i talet på «sysselsette med arbeidsplass Lærdal» sidan 2013 med 55 til utgangen av 2018. Slik sett er det opphavelege målet nådd med god margin.  Den reviderte utviklingsplanen auka målsetnaden til at det skulle vera 1200 arbeidsplassar i Lærdal ved endt omstillingsperiode. Fasit ved utgangen av 2018 var 1059 «sysselsette med arbeidsplass Lærdal», så det reviderte målet vart ikkje nådd.

- Dette var eit ambisiøst mål, men me skulle gjerne ha sett at me var nærare. Samstundes heng det delvis saman med at me ikkje har fått landa dei større etableringane som det har vorte jobba med, og som ville ha gitt mange nye arbeidsplassar, forklarar Solheim.

Dette gjeld først og fremst dei planlagde etableringane til Simas og Lærdal Grønt i Håbakken.

- Slike ting tek tid og arbeidet med Lærdal Grønt sine planar har hatt positiv framdrift den siste tida. Sjølv om omstillingsperioden er over, sluttar på ingen måte omstillingsarbeidet, seier Solheim, og viser til at fleire av prosjekta som vart starta i omstillingsperioden blir vidareført av mellom anna LNU og næringsaktørane.

Meir i papiravisa laurdag.