Langt færre kvinner i Sogn og Fjordane søkjer om seinabort

LA NED NEMDA: Langt færre kvinner har søkt om seinabort etter at tilbodet i Førde forsvann.

LA NED NEMDA: Langt færre kvinner har søkt om seinabort etter at tilbodet i Førde forsvann. Foto:

Av

Meiner årsaka er at abortnemnda ved Førde sentralsjukehus blei lagt ned.

DEL

Talet på abortnemnder i Noreg er kutta kraftig. Talet på nemndsøknader frå Sogn og Fjordane er gått frå 16 til 2 etter at nemnda der forsvann.

Då helseminister Bent Høie (H) vedtok å redusera talet, var det fordi kvaliteten på abortnemndene varierte kraftig og målet var likskap for kvinnene i landet. Løysinga vart sett på som langt færre nemnder, og forslaget vart sendt på høyring i 2017.

Nemnda i Førde forsvann

Ifølgje Vårt Land var det tydelege åtvaringar mot kutt. Fleire meinte terskelen for å søkja seinabort ville bli endå høgare om ein må reisa langt for å møte ei nemnd.

I Sogn og Fjordane forsvann nemnda på Førde sjukehus, der talet på søknadar var 16 i 2018. l 2019 søkte berre to kvinner frå fylket via nemnda i Bergen, som no er nærast.

«Eiril» måtte gjennomføre spontanabort på fødestova

– Eg ønsker ikkje å spekulere i kvifor det har vore færre kvinner frå Sogn og Fjordane som ber om nemndbehandling, men det var viktig for oss å konstatere at det har skjedd, seier direktør Susanne Albrechtsen på Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus.

Kan ha valt andre stad

Ho har gjort Helsedirektoratet merksam på fakta, og seier det er opp til dei å gjera det som må til for å få kunnskap om kvifor det har vore ein markant nedgang.

Avdelingsdirektør Torunn Janbu i Helsedirektoratet opplyser at kvinner frå Sogn og Fjordane kan ha valt eit anna sjukehus enn Haukeland.

– Det veit me ikkje svar på før abortstatistikken kjem i mars, seier Janbu.

Skal kutte meir

Overlege Mette Løkeland i Abortregisteret i FHI seier dei vil studera 2019-tala for nemndbehandla abortar ekstra nøye på grunn av endringane som er gjort. I mars kjem alle resultata etter første år, 2019, med 25 i staden for 35 abortnemnder.

Abortnemnda i Førde blir nedlagt

Dei fire helseregionane, Nord, Midt, Vest og Sør-aust fekk alle beskjed om å kutta i talet på nemnder i fjor.

Helseregionane har lagt ned ti nemnder. Medan Helse vest og Helse Midt har kutta ferdig og per i dag har to og fire, har Helse sør-aust enno 13 og skal ned til åtte før sommaren. Helse nord har allereie redusert frå elleve til seks, men skal ytterlegare ned i tal på nemnder.

Nesten alle nemndbehandla abortar blir innvilga

Artikkeltags