Gå til sidens hovedinnhold

Lange køar etter stans i rundkøyring

Skal ein gjennom Sogndal sentrum onsdag ettermiddag, kan det ta tid.

Eit køyretøy skal ha fått problem i rundkøyringa ved Sogndal kulturhus. Dette har skapt lange køar, både over Loftesnesbrua og til Hagalandet og i retning Hafslo.

Det er ein lastebil som har fått stans i rundkøyringa og bilbergar er på veg, opplyser Vest politidistrikt like før klokka 16. Ved 17.30-tida var køyretøyet fjerna og trafikken gjekk som normalt att.

Kommentarer til denne saken