VINNARAR: Kjartan Åsnes, Ole Jakob Nedrebø og Hilde Åsnes etablerte samdrifta Straumsnes Mjølk og Kjøt DA. I dag fekk dei Bedriftsutviklingsprisen. (Foto: SMOK)

Landbruks-samarbeid heidra med pris: - Gjennomførings-evne i særklasse

Straumsnes Mjølk og Kjøt DA og Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane v/ Jo-Helge Sunde vinn Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for 2019 i Sogn og Fjordane.

Publisert 08.10.2019 kl. 10.10.

Prisen vart delt ut på møtet i fylkestinget tysdag.


- I dag vil me heidra ein standhaftig entusiasme og ei gjennomføringsevne i særklasse, seier Kristine Kopperud Timberlid, avdelingsleiar i Innovasjon Norge Vestland i ei pressemelding.


Innovativ pris

I år er 16 år sidan Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane såg dagens lys med Jo Helge Sunde som prosjektleiar, og 12 år sidan Kjartan Åsnes, Ole Jakob Nedrebø og Hilde Åsnes etablerte samdrifta Straumsnes Mjølk og Kjøt DA.


- Bedriftsutviklingsprisen i landbruket skal synleggjera og heidra innovative bedrifter i landbruket. Det er eit stort mangfold og ei spennande utvikling i norsk landbruk i dag, noko Straumsnes Mjølk og Kjøt DA er eit godt døme på, seier landbruks-og matminister Olaug Bollestad.


Samhald

Straumsnes Mjølk og Kjøt DA - SMOK - driv felles mjølke- og storfekjøtproduksjon, for å oppnå best mogeleg utnytting av jordbruksareala på Straumsnes i Fjaler.


Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane har vore ein viktig bidragsytar til at SMOK og om lag 140 andre gardsbruk, har satsa på framtida og bygd moderne driftsbygningar i fylket.


Les meir om: Nyhende Landbruk