Fisken som har rømt har ei snittvekt på fire kilo.

Slakteriet Brekke AS, som laksen rømde frå, har sett opp gjenfangstgarn og fått pålegg frå Fiskeridirektoratet om å utvida området gjenfangstaktiviteten skjer i.

Dagleg leiar Knut Strømsnes ønskjer ikkje å kommentera saka overfor NRK, men seier Fiskeridirektoratet har starta tilsyn etter rømminga.