Lågaste straumpris på 20 år

LÅGT: Måndag fikk me den lågaste dagprisen på straum sidan år 2000.

LÅGT: Måndag fikk me den lågaste dagprisen på straum sidan år 2000. Foto:

Av
DEL

Måndag blei den lågaste dagprisen på straum sidan år 2000 registrert, ifølgje Norges vassdrags- og energidirektorat.

Den gjennomsnittlege prisen var 2,68 øre per kilowatt, ifølgje NVE.

Årsaka til den låge straumprisen er blant anna uvanleg høg vindkraftproduksjon og negative prisar i fleire land, noko som gav ein uvanleg og stor kraftimport til Norge måndag.

Kraftproduksjonen i Norge minka med 4 prosent i veke 16 samanlikna med veka før, trass i ein auke på 3 prosent i forbruket. Den gjennomsnittlege kraftprisen i Noreg var 4,8 øre per kilowatt.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken