Me må tilbake til desember 2008 for å finne lågare arbeidsløyse i Vestland, skriv Nav Vestland i ei pressemelding.
Talet på ledige går ned i alle aldersgrupper og alle bransjar, men det er særskilt i aldersgruppa 30-39 år og i reiselivet at arbeidsløysa går mest ned.
Det var i mai over 2.000 fleire ledige stillingar enn det er heilt arbeidsledige i fylket. Fleire manglar riktig kompetanse for å fylla dei ledige jobbane og behovet for tilpassa opplæring for å kvalifisera folk inn i dei ledige jobbane er stort.
Sommarjobbar
Sjølv om moglegheitene for å få seg jobb er svært gode no, er direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland bekymra for dei unge arbeidssøkarane, som gjerne manglar arbeidserfaring. Ho oppmodar dei unge til å nytta høvet til å få arbeidserfaring og ny kompetanse gjennom sommarjobbar.
Ferien nærmar seg med stormskritt, men det er framleis mogleg å skaffa seg sommarjobb. Fredag var det utlyst over 300 sommarjobbar i Vestland på arbeidsplassen.no.
I fjor oppretta NAV eit nytt tilbod til dei som har behov for hjelp frå NAV til å koma i arbeid. Gjennom tilskot til sommarjobb får arbeidsgivarar støtte frå NAV for å tilsetja unge arbeidssøkarar i ei midlertidig stilling. Den som blir tilsett skal utføra vanlege arbeidsoppgåver på arbeidsplassen.
Mange under 2 prosent arbeidsløyse
Det er flest ledige jobbar innan helse, pleie og omsorg (1 599), butikk- og salsarbeid (900) og bygg og anlegg (868), medan det er færrast utlyste stillingar innan jordbruk, skogbruk og fiske (46) og barne- og ungdomsarbeid (159).
I Vestland er det høgast arbeidsløyse i Hyllestad (3,7 %), Høyanger (2,2 %), Eidfjord og Øygarden (begge 2,0 %). Heile 39 av dei 43 kommunane i fylket har under 2 prosent arbeidsløyse.
Arbeidsløysa i heile Noreg ligg også på 1,6 prosent.