Gå til sidens hovedinnhold

Kystverket fjernar eigarlause blåskjelanlegg i Vestlandsfjordar

Artikkelen er over 1 år gammel

Kystverket er i gang med å rydde gamle blåskjelanlegg frå fjordane i Vestland fylke. Fram til no er 7,5 tonn marint søppel teke opp frå sjøen.

Anlegga som blir rydda vekk, er forlatne av konkursramma eigarar og har stått i sjøen i lang tid. Desse utgjer ein for risiko for tryggleiken både for skipstrafikk, fritidsbåtar, miljø og fiskeri. Store mengder tauverk, kjetting og blåser blir rydda og levert på godkjende avfallsmottak. All biomasse, i hovudsak blåskjelrestar, blir verande i sjøen, skriv Kystverket i ei pressemelding.

Finn meir

– Gjennom dette prosjektet får vi fjerna mykje marin forsøpling og forureining som ikkje synest frå overflata. Det er òg funne langt meir enn det kartlegginga som vart gjort i vår, tyda på, seier prosjektleiar Terje Andreassen i Kystverket.

Anlegga er eit resultat av ei feilslått satsing på oppdrett av blåskjel rundt tusenårsskiftet. Selskapa som ein gong eigde anlegga, er sletta frå Brønnøysundregistera og det finst ingen konkursbu med midlar til opprydding. Ved å fjerne desse unngår ein òg at dei driv ut i skipsleia og blir til hinder for nyttetrafikk og fritidsbåtar.

Fjordar i Sogn

Kystverket og Fiskeridirektoratet har òg tidlegare køyrt liknande oppreinskingstokt.

Prosjektet er finansiert ved hjelp av korona-midlar, for å styrkje aktiviteten i bygg- og anleggssektoren samtidig som ein får utført viktige tiltak. Kystverket leier prosjektet, og har leigd inn firmaet eSEA Marine, som har spesialisert seg på opprydding i havet, til å stå for sjølve operasjonen på Vestlandet.

Desse anlegga ryddar Kystverket i perioden oktober-desember:

Eikeland – Sveio kommune

Kvannskjæret – Kinn kommune

Menes– Sogndal kommune

Skarsvågen utanfor Bergen – Alver kommune

Indrekommana – Vik kommune

Lindetoneset utanfor Bergen – Alver kommune

Hamna – Hardangerfjorden, Ullensvang kommune

Furevikklubben – Hardangerfjorden, Ullensvang kommune

Kommentarer til denne saken