Det vart klart etter styremøte i Stiftelsen UNI, som no har løyvd 300.000 kroner til prosjektet, skriv stiftinga i ei pressemelding.

Stedje kyrkje er bygd i 1867 og er listeført av Riskantikvaren. Kyrkja treng ytre vedlikehald og restaureringa starta sommaren 2022. Mellom anna er tårnvindauget restaurert, kilrennene ved alle inngangar er reparerte og takstein er skifta. Heile kyrkja må målast og kyrkja har 15 store vindauge og nokre små som alle må rustast opp snarast råd om ein skal berga dei, heiter det i pressemeldinga.

Også Kvamsøy kyrkje i Sogndal kommune har fått pengar frå stiftinga. 100.000 kroner er løyvd til kalking av mellomalderkyrkja frå rundt år 1300. I 2022 vart det utført eit omfattande vedlikehaldsarbeid i kyrkja, mellom anna er taket skifta og tårnet er malt.