Gå til sidens hovedinnhold

Kyrkja fekk eit overskot på 70 millionar

Den norske kyrkja gjekk med 70 millionar kroner i overskot 2020, ein auke frå 17 millionar kroner året før. Koronapandemien blir trekt fram som årsak.

Den norske kyrkja hadde i fjor eigentleg budsjettert med eit underskot på 19 millionar, skriv Dagen.

«Avvikene mellom budsjett og regnskap er i all hovedsak knyttet til direkte og indirekte konsekvenser av koronaepidemien», heiter det i sakspapira som er presenterte for Kyrkjerådet.

Mellom anna har lønns- og personalkostnadene gått ned frå 1,42 milliardar til 1,36 milliardar frå 2019. Kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen seier pensjonsutgiftene varierer veldig, noko som gjer det vanskeleg å budsjettere desse.

I tillegg peikar ho på koronareglane, som har gitt færre fysiske møtepunkt for kyrkjeleg tilsette og svært lite reiseverksemd.

– Vi tok heller ikkje inn vikarar, noko som vanlegvis er ein stor utgiftspost, seier Vad Nilsen til Dagen.

Inntektene til Den norske kyrkja kjem i all hovudsak frå statlege tilskot. Dei siste fire åra har Kyrkja gått med 183 millionar kroner i overskot.

Kommentarer til denne saken