Køyretøy kravd avregistrert

Publisert 29.08.2019 kl. 06.33. Oppdatert kl. 06.46.

Onsdag kveld held Statens vegvesen kontroll i Sogndal og Luster. Totalt 64 køyretøy vart kontrollerte.


Ti av køyretøya hadde tekniske manglar med lys. På eit av dei var begge hovedlysa ute av funksjon. Desse måtte ordnast før vidare køyring.


Eit køyretøy vart kravd avregistrert for ikkje godkjent periodisk kontroll. Førar vart meld for manglande førarrett, og for å køyra utan lys på tilhengar.


Eit kjøretøy hadde utslitne forhjul. Førar vart ilagt dekkgebyr for dette.


Det vart og under kontrollen ilagt eit bilbeltegebyr, eit førerkortgebyr og eit vognkortgebyr.


Les meir om: Nyhende Notis Lærdal Sogndal